Sjøset nytt flytande lukka anlegg til jul

PRESSEMELDING FRA MERDSLIPPEN:


Merdslippen leverer flytande lukka oppdrettsanlegg til Hardingsmolt til jul.

– Planen var at dei skulle leverast seint i haust, men me har fått forskyving av tidspunktet slik at leveringa blir rundt juletider. Det har tatt tid å få ferdig produksjonsunderlaget og sertifiseringa, samt å lage former til nokon av hovudkomponentane. Og så har det tatt lengre tid å få tak i materiale som sjølve dukposen skal beleggast med, fortel dagleg leiar Vidar Vangen i Merdslippen til IntraFish.No er formene klare for prøvestøyping og sjølve duken som merden skal lagast av er ferdig og testa. Dermed kan ein gå i gang med å lage posane til merdane.

Kvar merd er på rundt 6.000 kubikkmeter i volum. Dukposen kan anten leggjast fritt i ei rammefortøyning som plastringar eller leggjast inn i eit stålanlegg.

Fisk til våren
Styreleiar Ingebrigt Landa i Hardingsmolt reknar med dei kjem til å setje fisk i anlegget i løpet av våren 2018. Anlegget skal brukast på den såkalla mørkegrøne konsesjonen selskapet vart tildelt i 2014. Lokaliteten som skal brukast er Koløy i Fitjar kommune i Sunnhordland. Enno er det ikkje bestemt kor stor fisken skal bli i det lukka anlegget.

– Me startar ikkje med å produsere slaktefisk for å seie det slik. Me får sjå litt etter kvart, og må lære oss å bruke utstyret før me kan ta det vidare. Forventinga er å få ein grei produksjon. Me har tru på lukka produksjon som ei delløysing, men ikkje ei endeleg løysing. I starten vil fisken etter kvart bli flytta over i opne anlegg. Til no er det ingen som har klart å repetere volum av betyding i lukka anlegg. Dette må me ta gradvis. Hovudsaka er luseproblematikken der ein lukka produksjon vil vere meir beskytta. Lukka anlegg kan òg vere ein fordel med tanke på tilvekst. Målet vårt er å minimalisere risikoen, fortel Landa.

Hardingsmolt er eigd likt av Fremskridt Laks og Kobbevik og Furholmen Oppdrett der Landa er dagleg leiar. Han understrekar at prosjektet i hardingsmolt er uavhengig av smoltplanane Kobbevik og Furuholmen har i næringsparken på Fitjar.

– Dette er eit eige prosjekt i Hardingssmolt. Fisken til anlegget blir levert frå smoltanlegget til Hardingsmolt, seier han.

Erfaring frå 90-talet
Merdslippen har mellom anna fått tilskot frå Innovasjon Norge til utviklinga av det flytande lukka oppdrettsanlegget. Alt på 90-talet leverte dei anlegg til Marine Production i Tvedestrand som gjorde gode erfaringar med konseptet.

– Det er gjort mange gode, men dyrkjøpte erfaringar undervegs, seier Vangen.

– Kva er skilnaden på dykkar anlegg og eit anlegg som Ecomerden?

– Eg kjenner ikkje andre prosjekt så godt og kan difor ikkje kommentere dei. Ecomerden har eg berre sett på bilete. I vårt anlegg har me moglegheit til å ha kontroll og kunne justere på heile vassmiljøet, både det som blir tatt inn og det som er inne. Ein kan gjere det same i vårt sjøanlegg som i dei mest moderne landbaserte anlegga, utan å måtte gjere liknande inngrep på land. I tillegg er det betydeleg lågare byggekostnad. Det som er i vår disfavør i dag er at du må betale for konsesjonar i sjøen samanlikna med at dei er gratis på land, svarar Vangen.

Solid inntektsvekst i fjor
Selskapet, som held til på Skaganeset på Sotra utanfor Bergen, hadde eit greitt økonomisk 2016 etter fleire år med negative resultat.

Inntektsveksten var på knappe 77 prosent i fjor. 14,5 millionar kroner i inntekter gav eit driftsresultat på 2 millionar kroner og årsresultat på 1,2 millionar kroner mot over 3 millionar kroner i underskot i 2015.

– Me prøver å gjere utviklinga av lukka anlegg utan å ta inn eksterne investorar, difor har resultata i 2014 og 2015 ikkje vore så bra. Jobbinga med lukka anlegg har gått på kostnad av inntektsbringande arbeid. Me har fått igjen for det, sjølv om det svir litt i rekneskapstala. No har me laga eit grunnlag som forhåpentlegvis kan gje oss fundament for vidare drift og utvikling framover, seier Vangen og fortel at dei har fleire seriøse førespurnadar om anlegga dei utviklar.

– Det er mange som har stor tru på oss og det me utviklar, seier han og fortel at utviklinga er ein del av eit forskingsprosjekt der mellom anna Universitetet i Bergen og UNI Research er med.

I årsmeldinga skriv selskapet at utsiktene framover er bra og at prosjekt knytt til nullstilling, restaurering og produktsertifisering av brukte oppdrettsanlegg har vore større i første halvår i år enn i fjor, og at det er venta ytterlegare auke i andre halvår.

Styret påpeikar også at det er store svingingar i omsetnad sidan det varierer frå år til år kor mange fiskeoppdrett som skal haldast ved like. Leveransar av flytande anlegg i åra framover håpar dei vil kunne gje meir stabile inntekter.

Forrige
Forrige

Storprosjekt for bærekraftig sjømatproduksjon er i gang